Musikalsk glede på sjukeheim

Spelemann Reidar Johansen er eldsjela som stemmer i gong ein god atmosfære på eldreheimar i Stavanger. Han har sin eigen måte for å nå fram til dei eldre.

 
eldre paa allsong  
Forventningsfullt publikum: Buarane på Bergåstjern sjukeheim ventar spent.  
Av: Piotr Kwoka, Haldor Hagen Jønsedal,Toralf Larsen Vallestad  

Dato: 07.03.2019

Reidar Johanssen er mannen som står bak allsong rundt om på sjukeheimar i Stavanger kommune. Han har spreitt songglede på sjukeheimar i heile 15 år.

-Sjølv om at mange er demente, hugsar dei songane, seier Johanssen.

Han besøkjer ein ny sjukeheim tre til fire dagar i veka og stortrivst med det.

 
Veit kva dei likar
 

Johanssen har mykje musikalsk røynsle. Han har spelt alt frå orkestermusikk til dansebandmusikk. For dei eldre speler han norske rolege songar. Ved å spela slike songar kan kvar og ein delta i lystig allsong.

 
Spreier glede
 

-Songane kan dei og det gleder meg, seier Johanssen. Han ser at dei eldre lyser opp når dei får eit lite avbrekk frå den vanlege kvardagen. Johanssen erfarer at dei eldre ser ut til å trivast svært godt.

Det å spela for dei eldre har vore ein stor glede for han og han er glad for å kunna bidra til at dei som bur på dei ulike sjukeheimane har det greitt.

 
Du er her: Home Kultur Musikalsk glede på sjukeheim